mandag 7. mars 2011

Introveke

Veka 14.-18. februar var det introveke. Då får volontørar og studentar ei innføring i korleis Misjonsalliansen jobbar her. Dei får ein del undervisning, er med på besøk i ulike prosjekt og til Diaconia FRIF.


Triveleg gjeng!

Skulebesøk i Pacollo, Sorata

Fotballkamp med elevar på ein fotballskule. Resultatet har eg visst gløymt..

Besøk og informasjon hjå Diaconia FRIF



Yiiiha!

Ein søndag var me i lag med Rugis til eit ridesenter i Cota Cota. Her har dei hestar i alle storleikar, og ein tolmodig hestepassar sala opp og tok ungane med. Me vaksne heldt oss til apostlane sine hestar, tok bilete og skrøytte av dei flinke ryttarane.

Heile kavaleriet oppstilt.

Gaute syns crocs er ypperlege til alt, også til hest!

Kari, med mor påpasseleg i bakgrunnen

Magnus har heile roen, mormor forevigar rideturen


Mykje kjekt frå Norge

Ein dag kom mor heim frå jobb med ein stoor pakke som var komen i posten heile vegen frå Kvitsøy! Pakken hadde reist både langt og lenge (send første veka i desember, kom 7. februar!), og me fekk ein ny liten julekveld med nye pakkar! Fulltreff hjå alle tre: Gaute er oppteken av "kleutsningar" (kler til å kle seg ut i) og sverd, Kari er i prinsessealderen, og Magnus har overteke interessa for lynet McQueen!


..og jula varar i alle fall til langt ut i februar!

Nokre dagar etter julepakken, kom besteforeldra på besøk for andre gong. Kjekt for både store og små!
Leonarda si kyllingsuppe gjer godt for reisemagar!



søndag 27. februar 2011

Me har fått skulegut!

Tysdag første februar starta ei ny æra i familien vår: Eldstemann Gaute byrja på skulen! Kanskje endå meir spanande for foreldra, men Gaute var nok litt spend han og. Skulen heiter Utasawa, og Gaute byrja i lag med Sunniva i kinder, noko liknande første klasse i norsk skule.
Så langt trivst han godt, men syns friminutta er litt i kortaste laget..

Utanfor skulen med ny sekk!


I gong med å teikna namnelapp


Kjekt å byrja i lag med Sunniva!



Dett var dett, første skuledag unnagjort. Gjekk så fint atte!




Søramerikakonferanse

Siste veka i januar hadde me samling i lag, utsendingane frå Ecuador og Bolivia. Me vekslar om å samlast i Ecuador og her, og i år var det Bolivia sin tur. Me hadde 3-4 dagar felles på hotell Oberland i Mallasa først, med samlingar for både vaksne og ungar. Ole-Bjørn Kolbjørnsrud hadde samlingane for oss vaksne. Han er psykiater, og snakka mellom anna om gudsbilde og ressursbruk. Veldig interessant!

Samling i restauranten
Barna hadde eigne samlingar, og då Tore Thommassen ikkje kunne komma, steppa sporty volontørar inn på kort varsel og laga eit glimrande opplegg. Takk skal de ha!!
Innimellom hadde me litt fritidsaktivitetar, og siste dagane hadde me omvising i prosjekta. Spanande å visa fram til kollegaer, og samanlikna arbeidet her og i Ecuador.

Tur i Månedalen

Den skal tidleg krøkjast!


To hoppande glade 5-åringar!


Grilltur til Påsketoppen


Ole-Bjørn sikra seg maracuya til isen!





Til neste år er det samling i Ecuador. Me gler oss!!

Djevletanna

Den 6. januar halte me med oss ungane til Djevletanna. Trur det var foreldra som var sveittast i hendene etter turen, etter nokre parti med laus grus på vegen opp. Men utsikten på toppen var verdt turen!Muela del Diablo

Fam Fossan Steine med La Paz i bakgrunnen. Tøff by!?

Små og store klamrar seg fast og smiler tappert!



På to hjul i svingen!

4. nyårsdag fekk eg vera med Åshild og Arne ned Dødsvegen. Fru Torborg hadde teke turen nokre dagar før i lag med besøket vårt, no slengde eg meg med naboane sine gjester. Starten er på 4700 moh, derifrå trilla me nedover på nyvegen, før me sette oss i bussen og køyrde forbi eit parti av vegen. Deretter sleppte dei oss av i skodda, me trilla nedover på ein humpete grusveg, det blei varmare og varmare jo lågare ned me kom, og utsikten kom seg og. Me steig av syklane att på ca 1200 moh, og då var det ikkje heilt feil med eit bad, dusj og mat før turen opp att (i bil..). Takk for ein flott tur!
Åshild og Arne på kanten av stupet


Det blei frodigare og frodigare nedover i liane. For nokre få år sidan var dette hovudvegen frå Yungas til La Paz, med bussar og trailerar som snirkla seg oppover.