mandag 17. mai 2010

17. mai i La Paz

Dagen starta med at heile organisasjonen me arbeider i, MAN-B, hadde laga til ein fin fest for oss. Blant anna song ei gruppe av dei tilsette "Ja vi elsker"! På biletet bles ungane ut lysa på kakene.

Etter dette gjekk me over til naboane våre, familien Mehus Rugland, og fortsette festen der. Alle nordmenn i La Paz var invitert, og totalt var me ca 30 personar. Og det vart verkeleg ingen 17 mai-light. Her var det is, pølser og snop, det var sekkeløp, eggeløp, fiskedam og å kaste ball på boksar. Det var tale for dagen og 17 mai tog ...og det var sol og fint ver... Det vart ein kjempeflott fest på alle vis!


Sekkeløp for store og små








Ikkje så stort tog, men veldig godt!



Hipp, hipp hurra for Norge! (Og Bolivia!)

El Campeon de las subidas!

Laurdag var det ny avskilsfest for Dagfrid og Stig, denne gongen i lag med oss norske. Her blei det og talar og gåveoverrekking. Stig fekk handfaste prov på at han er ein råtass i dei bratte stigningane opp til El Alto. Me fekk gravert inn rekordtida hans på ein elegant liten pokal, men..

Stolt rekordhaldar med pokal og leiartrøye

..neste dag trakka han til og slo sin eigen rekord med fire sekund! Imponerande! Det var den graveringa.. To sprekingar med Illimani i bakgrunnen. Fotografen har og klart å koma med på biletet, men etter omlag 700 m stigning opp til 4000 moh er han berre ein skugge av seg sjølv..

Despedidas

Dagfrid og Stig har vore utsendingar for Misjonsalliansen i snart 4 år, og sluttar av i desse dagar. Då er det tid for avskilsfestar (despedidas). Fredag laga dei til ein flott fest der Dagfrid har hatt sin arbeidsplass (Rio Seco, der Magne skal prøva å overta..). Eitt av høgdepunkta var då personalet dansa folkedans, og etterkvart måtte Dagfrid og Stig og til pers.

Ballet folklorico de Area 6 (tru om Stig ser noko bak frynsene?)


Det blir mange fine ord i slike høve, men det verste er at det er sant! Dei har vore viktige både for MAN-B (Misjonsalliansen i Bolivia) og oss vaksne og ungar i det norske fellesskapet. Det blir veldig sakneleg når dei reiser.

Dei fekk kvar sin aguayo (teppe), ser ut til at det fall i smak!

søndag 16. mai 2010

Landbruksmesse

Sist helg var me på landbruksmesse i distrikt 9, eitt av dei fem distrikta på El Alto der Misjonsalliansen jobbar. Torborg var på mikrokredittkonferanse på føremiddagen, så ein del av programmet var ferdig då me kom. Men me fekk sjå oppvisning av politihundar, smaka lokal yoghurt, sett kyr og geiter, og studert kunstgrasbanen.
Flott bakgrunn!


Hundeoppvisning


Etterpå stakk me innom kontoret der Magne har byrja å jobba. Dette er prosjektkontoret på El Alto, og me er 16 som har arbeidsplassen vår her. Denne dagen hadde dei kurs for leiarar frå samarbeidskyrkjelydar på El Alto. Ein liten kvelp i hundegarden var nok det som fanga interessa mest hjå ungane, men me skal nok få drilla dei i arbeidet til Misjonsalliansen etterkvart!

Tre unge utsende

Kvelpen var veldig liten..

fredag 14. mai 2010

Sterk kost og sterke kvinner

Poteta er viktig i Andes, til kvardags og fest. No er potethausten ferdig på tomta til prosjektkontoret på El Alto, og det blei feira med eit måltid kalla Watia: Ein spesiell type stein blei varma opp med eit bål, så blei poteter, kjøt og bananer steikte i ei grop i jorda med dei varme steinane rundt. Herleg!





















Julio var sjefskokk



Første veka i mai hadde Bistandsnemnda kurs her i La Paz, der temaet var likskap mellom kvinner og menn. Då reiste me til Combaya for å sjå på eit prosjekt der dei dyrkar blomar i drivhus. Me blei tekne i mot med talar, musikk, dans, skodespel - og aptapi. Dette er eit fellesmåltid der ein tek med seg mat som alle forsyner seg av. Potet i ulike variantar er alltid med, i lag med ulike sausar, ost, egg - og kjøt og fisk når det er fest. Ein utruleg flott tradisjon, og veldig kjekt for matglade utsendingar!

Aptapi i Tiqimblaya
Etterpå fekk me informasjon om blomeproduksjonen, og me fekk høyra om korleis dette prosjektet hadde endra kvinnene si stilling i området. Tidlegare var det mennene som styrte både i familien og i lokalsamfunnet. No jobbar gjerne mann og kone i lag i drivhuset, begge bidreg til inntekta i familien, kvinnene tek ordet på møter i landsbyen, og dei er aktivt med i styringa av lokalsamfunnet.