søndag 4. april 2010

...og jula varer helt til påske....

Like sikkert som Viking vinn seriegull, kjem familien Fossan Steine med nye innelgg på bloggen. Men jula varer jo som kjent heilt til påske, så då er det jo ikkje så gale likevel...

Mykje har skjedd sidan jul. Me har vore i Ecuador på Sør-Amerika konferanse. Det var ei fin oppleving. Ei vitamininnsprøyting for kropp og sjel. Andeleg påfyll for store og små. Gunnar Fagerli frå Modum Bad hadde anvar for vaksenopplegget og Tore Thomassen for barneopplegget. Og innimellom bada me og kosa oss. Me fekk og besøkja fleire av prosjekta Misjonsalliansen har i Ecuador. Det er ikkje berre i Bolivia det vert utført mykje bra arbeid av Misjonsalliansen!

I midten av februar feira me karneval i fire dagar. Me var ein tur i sentrum og såg på folkelivet. Det føltes litt som syttande mai i Karl Johan, berre at bunadane var bytta ut med kostymer av ulikt slag. Dessutan var det ikkje berre russen som spraya skum og skaut med vannpistolar, det var dei aller fleste.

Kari vart 3 år 21 mars, og Magne vart 39 år 22 mars. Stor stas! Me feira begge to på sundagen, med kaker, song og skattejakt. Nokre dagar etter vart Kari feira i barnehagen også. Kjempekjekt!