torsdag 30. desember 2010

Julaftan 2010

Så var det slutt på advent og venting, me skifta frå lilla til raude lys, siste episode av Skomakergata mm blei avspela, me åt graut, hadde julegudsteneste på Casaen, opna pakkar, åt pinnekjøt og riskrem, grein ein skvett for dei gåvene me ikkje fekk, leika og kosa oss med dei me fekk - og sovna mette på inntrykk og rogalam. Må mest sitera Gaute før han sovna ein kveld i romjula: "Me ungane er dei største presangane foreldra kan få, og så blir me berre større og større!". Vanskeleg å sjå føre seg ei flottare gåve, måtte vel kanskje vera Han som blei fødd for vel 2000 år sidan..?!

"Ver ikkje redde!"

Kari og Perly lagar til julemiddag

Her er kjøkkengjengen i sving!



Spende, me??

Etter slaget..


God jul til alle!

Firhjuling

Vesle julaftan var eg (Magne) på 4-hjulingtur i lag med julebesøket. Ein veldig kjekk tur, der me fekk leika oss, sjå boliviansk landsbygd og nyta utsikten.

Nøgde sjåførar! Achocalla i bakgrunnen.

Utsikt ned til Rio Abajo. Her skal me ned..

..og her er me på veg.



onsdag 29. desember 2010

Juleavslutning i barnehagen

I strålande ver fekk foreldre og slekt sjå ei strålande avslutningsførestilling i barnehagen. Det var eventyr, nissar, duskedamer, folkedans og julegåver. Ikkje fritt for at me blei litt stolte!!

Magnus som blå raudnisse

Kari leia an duskegjengen

Gaute og Sunniva i feiande flott dans!

Juleførebuingar

Store og små har vore i sving for å sikra julekaker og lussekattar. Og så hadde me juleverkstad på juleavslutninga av norgeskulen, med god hjelp frå julegjestene våre.

Lussekattabakegjengen klar!
Magnus i sving med lussek(l)attane!

Serinakaker! Og så den gode deigen..

Thorstein trong utfordring med litt fleire ruter i korga

Juleavslutning på Rio Seco

Den 9. desember var det juleavslutning for alle borna av tilsette i Misjonsalliansen. Tre klovnar underheldt energisk i ein time og to, før det blei kaker og snop til alle.

Torborg var frampå og svinga seg med klovnane.

Tre som er godt nøgde med fangsten. Skulle ikkje vera fare for lågt blodsukker hjå oss på ei stund..
Ikkje alt som blir like spenstig i norsk språkdrakt.. (frå ein kyrkjevegg på El Alto)

søndag 5. desember 2010

Adventsgudsteneste

I dag er det 2. søndag i advent, og me har feira gudsteneste på Casa Alianza. Anne Netland er ambulerande sjømannsprest, og stilte opp med tale, pianospel og quiz på kyrkjekveldsmaten. Takk for ei flott gudsteneste!

Tenn lys!


Vel 20 ungar og vaksne fekk med seg ei fin adventsgudsteneste