lørdag 18. februar 2012

Todos Santos

2. november er det allehelgensdag og fridag. Me og Camilla blei inviterte til BUMAN-student Efrain sin familie, omlag to timars køyring sørvest frå El Alto. Efrain studerer for å bli lærar, og er ein av 22 studentar som får stipend i Misjonsalliansen, mot å arbeida for organisasjonen omlag 6 timar i veka.
Me fekk ei hjarteleg mottaking med suppe og watia - mat laga i steikegrop . Dagen var veldig spesiell for familien, som tidlegare på året hadde mista søster/dotter si i eit lynnedslag medan ho gjeta dyra deira. Trass i sorga, fekk me eit møte med ein flott familie! Me drøste og åt, og ungane leika og såg ut til å nyta roen på bygda.
Middagen åt me ute!
Posted by Picasa

fredag 17. februar 2012

Samlevinga

...eller Convivencia som det heiter på spansk, gjekk av stabelen i oktober. Heile staben i MAN-B reiste til eit hotell for å driva lagbygging (teambuilding er eit ord eg ikkje er så glad i..). Me kosa oss i varmen, ungane bada, me vaksne hadde seminar og ulike idrettsaktivitetar - og trivelege kveldssamlingar!



Torborg går godt i lag med Jesus!
Posted by Picasa

torsdag 16. februar 2012

Globalskule

I september var det skulestart for Gaute igjen, denne gongen på Globalskulen. Dette er eit tilbod frå norsk skule til alle norske skulebarn i utlandet, og her får Gaute prøva seg på norsk, og etterkvart RLE og samfunnsfag. Flott opplegg der me som foreldre er "lærarassistent", og lærar Bente gir respons på alle innleveringane. Skal sjå me lærer ein del me vaksne og..
Gaute er blitt ein reser på pc gjennom oppgåvene på Globalskulen
Posted by Picasa

onsdag 15. februar 2012

Norgesferien 2011

Etter 2 år får utsendingar i Misjonsalliansen 8 veker norgesferie, pluss ei vekes samling på Senter for sjelesorg på Modum. Me fekk med oss sykkelløp, Dyreparken, Korsvei i Seljord - og trefte mange trivelege folk!

På tur elvelangs i Førlandsøyane med gode venner frå Jæren
3-årsdag feira me med slekta
Kveldsmat i nyhuset til fam Stranden Ytrehus
Posted by Picasa

tirsdag 14. februar 2012

Macchu Picchu

Me fekk ein ny sjanse til å reisa med fam Rugis, og denne gongen gjekk grensepasseringane strålande!

Macchu Picchu viste seg å vera ein flott stad for både store og små
Posted by Picasa

mandag 13. februar 2012

Årskavalkade 2011

Det har vore stilt på bloggen vår sidan femmila i ski-VM i mars 2011. Tok litt på å heia fram Northug og co, men er nok mest latskap og datautfordringar som har hindra oss. No har me atter planar om å oppdatera litt oftare (skulle vera overkommeleg), men først vil me dei neste dagane leggja ut nokre små glimt frå fjoråret:



6. april 2011 blei endeleg HIV/AIDS-senteret på El Alto opna! Det har laboratorium, sjukepleiarar, legar, sosionomar og psykologar for å kunna tilby testing og evt oppfølging av smitta personar.




Me har vore i Chile - såvidt.. Me kom til passkontrollen, og der måtte me snu.. Takk til Rugis for tålmodigheten.. 
Posted by Picasa

søndag 12. februar 2012

1. skuledag!

Måndag 6. januar 2012: Kari sin første dag på skulen! Godt å ha storebror med som kjentmann, han har eitt års erfaring på skulen som heiter Utasawa. Kari har gleda seg lenge til denne dagen: Når storebror gjer skulearbeid, heng ho over skuldra og stavar med!

 
På skuleveg
 
Klare til å gå inn!?
Heldigvis byrjar Marie og på skulen, godt å ha ei venninne i klassen, og storebror rett over gangen!
Litt betenkte før foreldra går?
Posted by Picasa