Det har vore stilt på bloggen vår sidan femmila i ski-VM i mars 2011. Tok litt på å heia fram Northug og co, men er nok mest latskap og datautfordringar som har hindra oss. No har me atter planar om å oppdatera litt oftare (skulle vera overkommeleg), men først vil me dei neste dagane leggja ut nokre små glimt frå fjoråret:
|
6. april 2011 blei endeleg HIV/AIDS-senteret på El Alto opna! Det har laboratorium, sjukepleiarar, legar, sosionomar og psykologar for å kunna tilby testing og evt oppfølging av smitta personar. |
|
Me har vore i Chile - såvidt.. Me kom til passkontrollen, og der måtte me snu.. Takk til Rugis for tålmodigheten.. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar