torsdag 30. desember 2010

Julaftan 2010

Så var det slutt på advent og venting, me skifta frå lilla til raude lys, siste episode av Skomakergata mm blei avspela, me åt graut, hadde julegudsteneste på Casaen, opna pakkar, åt pinnekjøt og riskrem, grein ein skvett for dei gåvene me ikkje fekk, leika og kosa oss med dei me fekk - og sovna mette på inntrykk og rogalam. Må mest sitera Gaute før han sovna ein kveld i romjula: "Me ungane er dei største presangane foreldra kan få, og så blir me berre større og større!". Vanskeleg å sjå føre seg ei flottare gåve, måtte vel kanskje vera Han som blei fødd for vel 2000 år sidan..?!

"Ver ikkje redde!"

Kari og Perly lagar til julemiddag

Her er kjøkkengjengen i sving!



Spende, me??

Etter slaget..


God jul til alle!

Firhjuling

Vesle julaftan var eg (Magne) på 4-hjulingtur i lag med julebesøket. Ein veldig kjekk tur, der me fekk leika oss, sjå boliviansk landsbygd og nyta utsikten.

Nøgde sjåførar! Achocalla i bakgrunnen.

Utsikt ned til Rio Abajo. Her skal me ned..

..og her er me på veg.



onsdag 29. desember 2010

Juleavslutning i barnehagen

I strålande ver fekk foreldre og slekt sjå ei strålande avslutningsførestilling i barnehagen. Det var eventyr, nissar, duskedamer, folkedans og julegåver. Ikkje fritt for at me blei litt stolte!!

Magnus som blå raudnisse

Kari leia an duskegjengen

Gaute og Sunniva i feiande flott dans!

Juleførebuingar

Store og små har vore i sving for å sikra julekaker og lussekattar. Og så hadde me juleverkstad på juleavslutninga av norgeskulen, med god hjelp frå julegjestene våre.

Lussekattabakegjengen klar!
Magnus i sving med lussek(l)attane!

Serinakaker! Og så den gode deigen..

Thorstein trong utfordring med litt fleire ruter i korga

Juleavslutning på Rio Seco

Den 9. desember var det juleavslutning for alle borna av tilsette i Misjonsalliansen. Tre klovnar underheldt energisk i ein time og to, før det blei kaker og snop til alle.

Torborg var frampå og svinga seg med klovnane.

Tre som er godt nøgde med fangsten. Skulle ikkje vera fare for lågt blodsukker hjå oss på ei stund..
Ikkje alt som blir like spenstig i norsk språkdrakt.. (frå ein kyrkjevegg på El Alto)

søndag 5. desember 2010

Adventsgudsteneste

I dag er det 2. søndag i advent, og me har feira gudsteneste på Casa Alianza. Anne Netland er ambulerande sjømannsprest, og stilte opp med tale, pianospel og quiz på kyrkjekveldsmaten. Takk for ei flott gudsteneste!

Tenn lys!


Vel 20 ungar og vaksne fekk med seg ei fin adventsgudsteneste

tirsdag 28. september 2010

Santiago de Machaca

Ein laurdag tok Ronaldo og dottera Vanessa oss med på tur til Santiago de Machaca, der Misjonsalliansen hadde prosjekt tidlegare. Ronaldo er ein triveleg kollega med glimt i auga, og jobbar no som veterinær i prosjektet på El Alto.

Me køyrde halvannan time til sørvestre hjørnet av Titicacasjøen, tok av frå hovudvegen og humpa vidare halvannan time til, før me kom til Santiago de Machaca. Her hadde Misjonsalliansen mellom anna prosjekt med foredling og sal av ullprodukt (lama og alpakka), avl av lama og alpakka, det blei bygd ein helsestasjon, og her budde både utsendingar og lokalt tilsette 20 dagar i månaden.


Kyrkja i Santiago de Machaca


Lama på menyen..
..og lama i friluft.

Vicuña, lamaen sitt viltlevande søskenbarn


Eit grøngult hav av t'ola, med Sajama (6542 moh, høgaste fjellet i Bolivia) i bakgrunnen




Me besøkte kona til Ronaldo, Blanca, der ho jobbar som lærar. Til høgre Vanessa, og fremst står Per!

Sjøliv mm

August gjekk fort..


Elvira med fam prøver sjølivet i Achocalla (ca 3900 moh), Illimani (6439 moh) i bakgrunnen.

Barnehagen er proff på feiring! Her blir Magnus sin 2-årsdag markert etter alle kunstens reglar.

Kurs i dyrehelse - her blir både vitaminbehov og "genero" (kjønnsperspektivet) ivaretatt!

Besøk av volontørane - triveleg gjeng!


lørdag 25. september 2010

Dyrehage

I Mallasa, omlag 10 min køyring heimefrå, er det dyrehage. Ein varm augustdag (per def enno vinter..) tok me oss ein tur. Her er litt av det me såg:

Levande boa!

Kondoren er stor, men fin??

Avslappa jaguar

Bonden sin dag

Den 2. august er det bonden sin dag (Dia del campesino), og eg (Magne) fekk vera med på feiringa i distrikt 11 på El Alto.
Sjå http://www.ilimitado.no/ilimitadono/2010/8/23/bondens-dag.html

Bondelaget i Ocomisto - ein del av storbyen El Alto


Aptapi! Ein tek med seg poteter i ulike variantar, saus, egg, ost, kjøt mm, og legg det ut på tepper så alle kan forsyna seg. Dei svarte potetene er chuño, frysetørka på bakken. Godt!

Waca Waca - ein dans(-ar) med sjarm!


Tinku, ein krigs- og (jord-)fruktbarheitsdans frå Potosi



Legebesøk, mat og uteliv

Camilla tar i mot Kristelig Legeforening på Casaen


Endå ei feiring av 5-åringen vår



Sand og vatn er stas!



fredag 17. september 2010

Sommar 2010 - eit samandrag!

Ser ut til å vera på tide med ei lita oppdatering på bloggen vår..
Me var på Norgesferie fire veker i mai-juni. Me traff slekt og vener, og slappa av heime. Takk for trivelege stunder!

Matpause på Lunde

Ut på tur!


Snopfisket er omlag like bra i Norge som Bolivia, her er det 5-årsfeiring for Gaute

Besto og besten med badnabadn!

Fam Stranden Ytrehus på besøk frå Oslo



Fadder Lars les

Hagekos under Hellandsnuten

Gode kompisar!

.. og gode tøtter!

Siddisane stilte med pizza kvelden før avreis. Kjekt!