mandag 28. mai 2012

Avskjed 1

I eit utsendingsmiljø er det "alltid" nokre som kjem og andre som reiser. I over to år har me vore ein stabil gjeng, men no har Monika reist heim til Norge og gifta seg! Før ho reiste var heile Misjonsalliansen samla, og Monika blei kledd opp i tradisjonelle cholita-kler under avskjedssamlinga.
To gode venner

På flyplassen

søndag 27. mai 2012

Folk

Nokre bilete frå våren vår:
Jelsabu på besøk. Triveleg!

Me øver oss til hyttetur med yatzy og fyr på peisen

Juan Carlos og Fanor tar seg godt av bilparken til Misjonsalliansen - og oss utsendingar!

lørdag 26. mai 2012

Watia

Ein laurdag i januar inviterte Leonarda oss heim på watia, mat laga i steikegrop. Det er steingodt! 
Her kjem ei lita bruksanvisning:

Leonarda og Roberto hadde først varma steinar på bål, 

så legg ein poteter, kjøt, grønnsaker og stein om kvarandre, 

dekkjer til med aviser, 

bølgjeblekk og eit gammalt teppe blir lagt på, før ein til slutt dekkjer med sand.

Magnus sjekkar at det ikkje siv ut røyk, og gler seg til mat!

Ivrige hender hjelper til å avdekkja festmåltidet

Varmt!

Det er servert!

fredag 25. mai 2012

Julebesøk!

Jula 2011 fekk me kjekt besøk frå Sand og Stavanger


Tradisjonen tru (?) grillar Lars vesle julaftan

 På julaftan var det gudsteneste på Casa Alianza, og barna hadde julespel.
Engelen Kari

..medan Magnus og Gaute er hyrdingar

Litt mat før kveldsøkta!

Litt spende, kanskje?

I romjula reiste me og besøket til Titicaca-sjøen
Isla del Sol

Nyårsaftan feira me hjå oss

Lars er henrykt over å starta på 2012!

På nyåret blei det tur til ruinbyen Tiwanaku

Gode kamerattar på tur!


Flott by me bur i!

Is på Plaza Murillo, stortingsplassen i La Paz

Tusen takk for triveleg besøk Eva, Anna og Lars!

lørdag 18. februar 2012

Todos Santos

2. november er det allehelgensdag og fridag. Me og Camilla blei inviterte til BUMAN-student Efrain sin familie, omlag to timars køyring sørvest frå El Alto. Efrain studerer for å bli lærar, og er ein av 22 studentar som får stipend i Misjonsalliansen, mot å arbeida for organisasjonen omlag 6 timar i veka.
Me fekk ei hjarteleg mottaking med suppe og watia - mat laga i steikegrop . Dagen var veldig spesiell for familien, som tidlegare på året hadde mista søster/dotter si i eit lynnedslag medan ho gjeta dyra deira. Trass i sorga, fekk me eit møte med ein flott familie! Me drøste og åt, og ungane leika og såg ut til å nyta roen på bygda.
Middagen åt me ute!
Posted by Picasa

fredag 17. februar 2012

Samlevinga

...eller Convivencia som det heiter på spansk, gjekk av stabelen i oktober. Heile staben i MAN-B reiste til eit hotell for å driva lagbygging (teambuilding er eit ord eg ikkje er så glad i..). Me kosa oss i varmen, ungane bada, me vaksne hadde seminar og ulike idrettsaktivitetar - og trivelege kveldssamlingar!



Torborg går godt i lag med Jesus!
Posted by Picasa

torsdag 16. februar 2012

Globalskule

I september var det skulestart for Gaute igjen, denne gongen på Globalskulen. Dette er eit tilbod frå norsk skule til alle norske skulebarn i utlandet, og her får Gaute prøva seg på norsk, og etterkvart RLE og samfunnsfag. Flott opplegg der me som foreldre er "lærarassistent", og lærar Bente gir respons på alle innleveringane. Skal sjå me lærer ein del me vaksne og..
Gaute er blitt ein reser på pc gjennom oppgåvene på Globalskulen
Posted by Picasa