onsdag 30. mai 2012

Ut på tur med Rugis

Den 18. mai la me ut på tur i lag med fam Mehus Rugland. Målet var Sorata, anledningen ei opning av lærarbustad og sanitæranlegg i landsbyen Choquecoa. Prosjektet har vore eit spleiselag, der kommunen og Misjonsalliansen betaler byggjematerialane, og lokalsamfunnet stiller med arbeidskraft. Det blei ei flott opning, ungane fann seg leikekameratar, me vaksne fekk klippa snorer - og alle fekk mykje og god mat! Og så fekk heile familien sett eit lite glimt av kor og korleis Misjonsalliansen jobbar.


Her poserer me framfor Illampu (6368 moh), fjellet som ruvar over Sorata

To grombilar framfor Illampu

Både store og små blei plasserte på heidersplassen

Elevane på barneskulen i Choquecoa

Lærarbustaden til venstre, sanitæranlegget til høgre. I midten står scena som blei bygd av resten  av byggjematerialane

Flagheis og nasjonalsong

Proklamering av dikt er vanleg i slike anledningar

Elevane hadde teaterframføring

Foreldre og søsken ventar tolmodig

To generasjonar Rugis avdukar plaketten

Direktøren vår, Cristina, klipper snor til kontoret i lag med Linda

medan Torborg og ein av byrådsrepresentantane opnar lærarbustaden

Linda held tale

"Eg har fått to nye bestekompisar!" seier Magnus

Heile buketten!

Litt å kosa seg med på bordet under seremonien, koka og røyk!

Gode kolleger slappar av i skuggen

Til slutt var det mat!

Me avslutta med pizza og is på plazaen i Sorata

Så sveipte Illampu seg i dyna før mørkret kom
Ein lang og kjekk dag for store og små!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar