Ein laurdag i januar inviterte Leonarda oss heim på watia, mat laga i steikegrop. Det er steingodt!
Her kjem ei lita bruksanvisning:
| Leonarda og Roberto hadde først varma steinar på bål, |
| så legg ein poteter, kjøt, grønnsaker og stein om kvarandre, |
| dekkjer til med aviser, |
| bølgjeblekk og eit gammalt teppe blir lagt på, før ein til slutt dekkjer med sand. |
| Magnus sjekkar at det ikkje siv ut røyk, og gler seg til mat! |
| Ivrige hender hjelper til å avdekkja festmåltidet |
| Varmt! |
| Det er servert! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar