torsdag 31. mai 2012

Poetisk morsdag

Fredag 25. mai var det Poesifestival på Utasawa, skulen til Kari og Gaute. Sidan det var morsdag på søndagen - og dette er ein større dag i Bolivia enn i Norge - blei det også markert. Dei tre første trinna (førskule/barnetrinn) hadde øvd på dikt og songar, og laga både kostymer og kulisser. Stolte foreldre stod i kø for å foreviga sine håpefulle i poetisk positur. Imponerande både av elevar og lærarar!

Utasawa er ein økologisk skule, og har fokus på naturvern og miljø - også når det er poesifestival!

Kari i gjenbruks-kostyme

Juan Camillo og Gaute proklamerer dikt om fjellet som brann

Kinder (førskulen) song til slutt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar