lørdag 23. januar 2010

Suldølar i La Paz.

0,5 % av Suldals befolkning feira jul i La Paz dette året! Stor stas for oss som fekk besøk!
Posted by Picasa

tirsdag 19. januar 2010

Salt i Uyuni, mineral i Potosi, og .. Sucre..

Nei, det er ikkje ein godværsdag på fjellet i påska, det er saltørkenen i Uyuni som me var så heldige å få besøka saman med besøket vårt! På turen var me og innom Potosi og Sucre. Ein fin tur!


Posted by Picasa
"O jul med din glede..." Juletrefest hos familien Mehus Rugland.
Posted by Picasa
Her er Magnus gjetaren klar til julespelet på gudstenesta på julaftan. Så stolt!Posted by Picasa
Det vart jul i Bolivia og! Med mormor, bestemor og bestefar og onkel Sigbjørn til stades, og med pinnakjøt frå Landsnes på menyen!
Posted by Picasa

mandag 18. januar 2010

Julestemninga kom ikkje før pinnekjøtet var på bordet dette året, til tross for at fleire av førjulsingrediensene var på plass: Julekakebaking, juleverkstad og grautfest (hjå oss), jule/sommaravslutning i barnehagen. Men det var og andre viktige ting som prega førjulstida; presidentval der Evo Morales vart attvald som president med 65% av stemmene og 30 års jubileum for Misjonsalliansens arbeid på El Alto.

Av bildene kan de sjå at Familien Fossan Steine har utvikla seg stort når det gjeld dans og underhaldning, ungane som utfoldar seg på barnehageavslutninga og eg som blir budt opp til dans under 30-års jubileet. Me spør oss: Kvar vil dette enda?