torsdag 10. desember 2009


Bæremeis:
Her i høgden blir både store og små i familien trøytte etter lange dagar på språkinstitutt og barnehage. Av og til alle på ein gong.. Då hender det at Leonarda hipsar Magnus på ryggjen i eit teppe - el aguayo - og der er det tydelegvis godt å vera! Me ser mange som brukar slike teppe til å bæra både ungar og varer i. Trur det er trange kår for Bergansmeis-seljarar her.


Gudsteneste:
1. søndag i advent hadde me gudsteneste på Casa Alianza, der dagens tekst handla om Jesus som rir inn i Jerusalem. Ungane var med og kledde opp Arild som konge, med kappe, krone og kongsstav (ein særs mandig ein!).

Det er gudsteneste på Casa'en ein gong i månaden, der utsendingar, voluntørar og andre er med. Utsendingsgruppa er ansvarleg for opplegget. Etterpå er det kyrkjekaffi.










Klubb:
Annankvar torsdag har ein av familiane klubb for ungane. Aktivitetane varierer: Dei har vore med på planting av frø, matlaging, bibelforteljing med flanellograf, og laga postkort. Ein dag var me på "Toca todo", eit slags teknisk museum for ungar. Der fekk dei sutla med vatn alt dei orka. Stas!






Turn:
Torsdag ettermiddag er dei fleste av "våre" ungar på turn. Her får dei trimma seg grundig. Dei har det kjekt, men er raude og gode i kjekane etterpå. Då gjer det godt med banan og is - sikringskost for aktive turnarar!

Her er Filip og Gaute, i djup konsentrasjon, i ferd med å forsera krokodillane.












Tutt:
Kari proklamerer stadig vekk at ho skal slutta med tutt, men så kjem tilbakeslaget ikkje så lenge etterpå..
Må ha det, berre må ha det!

onsdag 4. november 2009

Internkonferanse i Puerto Perez







Heile utsendingsgjengen var samla på internkonferanse til Puerto Perez ved Titikakasjøen tre dagar i slutten av oktober. Me hadde fine dagar med møter, teambuilding og sosialt samvær. Både born og vaksne kosa seg. Flott vær og vakker natur gjorde sitt til at det vart ei fin samling.


Posted by Picasa

mandag 26. oktober 2009

Livet i La Paz

Ungane trivst godt i den nye barnehagen her i Bolivia. Dei gjer mange kjekke ting. Ein dag var dei i planetarium, og det var stor stas. Dessutan er det mykje snop å hala når nokon i barnehagen har bursdag. Det syns dei er heilt topp, medan foreldrene er litt meir skeptiske. Kvar laurdag er dei i eit symjebasseng, og det er eit av vekas høgdepunkt. Gaute er og med på turn ein eller to gonger i veka, og øver på ulike turnøvingar på golvet heime. Annankvar torsdag er det klubb, då samlast alle ungane til utsendingane seg og har eit eller anna opplegg. Det er også veldig populært. Dei lærer stadig fleire ord på spansk, og Gaute rettar somme gonger på foreldra som etter beste evne prøver å uttale dei spanske orda. På biletet har han nett vore på landskamp Bolivia- Brasil. Det var stor stas då Bolivia vann 2-1.

Kari snakkar mykje om dei nye vennene i barnehagen. Også ho plukker stadig opp nye spanske ord. Rett som det er syng ho på nye songar ho har lært i barnehagen.

Magnus har lært å gå! Nå er det å bære ting og å trille ting som er mest populært. Han er ein meget bestemt herremann. Heilt uforståeleg korleis me kunne få så bestemte ungar...

Me vaksne studerer spansk ved eit språkinstitutt fem dagar i veka. Det er godt å merke at me fortår meir og meir, og at det går stadig betre å gjere seg forstått. Samtidig kunne me nok ønskje at det gjekk endå fortare, med tanke på at me allereie har "brukt opp" omlag 100 av dei 400 timane me har med språkundervisning før me skal ut i arbeid.

På fritida går det i sosiale samankomstar av ulikt slag, trening (Magne går på spinning ein til to gonger i veka, medan Torborg satsar på at høgdebuing er godt nok...) og me har funne ei kyrkje som me trivst i.

Det går mot sommar. Her er det veldig godt klima. 15-25 grader og stort sett sol. Gaute er storvegs nøgd med at han slepp å gå med stilongs.

Alt godt til alle!




Posted by Picasa

fredag 9. oktober 2009

Endeleg i Bolivia!

Nå er me endeleg komne til Bolivia! Dei siste månadane heime var prega av førebuingar av ymse slag: Papir som måtte ordnast, kurs i Stavanger og Oslo, pakking, seia hadet til vener og familie og ei fin utsendingsgudsteneste. 1. september sette familien Fossan Steine seg på flyet i retning La Paz, Bolivia. Flyturen som me frykta (med tre born på fire, to og eitt år) gjekk over all forventning. Me var spente på kva som venta oss då me landa på El Alto flyplass.

Den fyrste tida i La Paz har vore god, trass høgde (me bur på 3600 meter), nytt språk og nye omgjevnader. Me kom til eit fint hus med oppreidde senger, fullt kjøleskap og blomar på bordet. Dei andre utsendingane har tatt svært godt imot oss, me kjenner oss velkomne og heime allereie!

Storbagasjen som me sende nokre veker før me reiste, kom fram eit par veker etter oss. Det meste i god behald, men turen hadde ført til mange bøygde stearinlys, smelta melkesjokolade og skeiv brunost.


Borna har byrja i barnehagen og trivst godt. Gaute saknar nok bestekompisane sine i barnehagen heime på Sand, men har funne nye venner som han leikar godt ilag med. Kari og Magnus har og funne seg godt til rette. Stor stas var det når det første dei såg då dei kom inn i barnehagen var ei ballbinge. Kjempekjekt.

Me vaksne er i full gong med spanskundervisning. Det er god motivasjon at ein ikkje kjem nokon veg med engelsk. Skal me kommunisera med folk er me nøydde til å snakka spansk. Det er svært oppmuntrande å merka kor mykje meir me skjønar no enn for halvannan månad sidan.

Ei veke hadde me fri frå språkundervisninga og var med på introduksjonsveke ilag med voluntørane som og er her for Misjonsalliansen. Det var ei flott veke der me fekk møta mennesker som på ulike måtar kjem i kontakt med arbeidet som Misjonsalliansen driv. Me fekk sjå hovudkontoret til Diaconia FRIF som driv med mikrokreditt, me vitja skular, helsesenter og fotballskular (Fotball krysser grenser), me fekk høyra ei kvinne fortelja om korleis det er å vera åleinemor til to born når ho sjølv er smitta av HIV, og høyra om korleis Misjonsalliansen driv HIV/AIDS kontoret. Dette er berre nokre eksempel. Etter denne veka tenker me at me er heldige som skal få lov til å vera med på dette flotte arbeidet. Me er stolte av at me får vera med på det! Det er ingen tvil om at det betyr mykje for svært mange. Det nyttar!