fredag 9. oktober 2009

Endeleg i Bolivia!

Nå er me endeleg komne til Bolivia! Dei siste månadane heime var prega av førebuingar av ymse slag: Papir som måtte ordnast, kurs i Stavanger og Oslo, pakking, seia hadet til vener og familie og ei fin utsendingsgudsteneste. 1. september sette familien Fossan Steine seg på flyet i retning La Paz, Bolivia. Flyturen som me frykta (med tre born på fire, to og eitt år) gjekk over all forventning. Me var spente på kva som venta oss då me landa på El Alto flyplass.

Den fyrste tida i La Paz har vore god, trass høgde (me bur på 3600 meter), nytt språk og nye omgjevnader. Me kom til eit fint hus med oppreidde senger, fullt kjøleskap og blomar på bordet. Dei andre utsendingane har tatt svært godt imot oss, me kjenner oss velkomne og heime allereie!

Storbagasjen som me sende nokre veker før me reiste, kom fram eit par veker etter oss. Det meste i god behald, men turen hadde ført til mange bøygde stearinlys, smelta melkesjokolade og skeiv brunost.


Borna har byrja i barnehagen og trivst godt. Gaute saknar nok bestekompisane sine i barnehagen heime på Sand, men har funne nye venner som han leikar godt ilag med. Kari og Magnus har og funne seg godt til rette. Stor stas var det når det første dei såg då dei kom inn i barnehagen var ei ballbinge. Kjempekjekt.

Me vaksne er i full gong med spanskundervisning. Det er god motivasjon at ein ikkje kjem nokon veg med engelsk. Skal me kommunisera med folk er me nøydde til å snakka spansk. Det er svært oppmuntrande å merka kor mykje meir me skjønar no enn for halvannan månad sidan.

Ei veke hadde me fri frå språkundervisninga og var med på introduksjonsveke ilag med voluntørane som og er her for Misjonsalliansen. Det var ei flott veke der me fekk møta mennesker som på ulike måtar kjem i kontakt med arbeidet som Misjonsalliansen driv. Me fekk sjå hovudkontoret til Diaconia FRIF som driv med mikrokreditt, me vitja skular, helsesenter og fotballskular (Fotball krysser grenser), me fekk høyra ei kvinne fortelja om korleis det er å vera åleinemor til to born når ho sjølv er smitta av HIV, og høyra om korleis Misjonsalliansen driv HIV/AIDS kontoret. Dette er berre nokre eksempel. Etter denne veka tenker me at me er heldige som skal få lov til å vera med på dette flotte arbeidet. Me er stolte av at me får vera med på det! Det er ingen tvil om at det betyr mykje for svært mange. Det nyttar!

4 kommentarer:

  1. Hei på dokk! Her sit eg og mor og forbereder bildeseanse frå Romaturen vår for t Bodil og Ragnhild. Så kom ho med denne adressa, så då får me lansere den også for tantene....
    Høyrer at de har det bra, og det gjer godt.
    Her er også alt vel. Spennande å følge med dykk her framover.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Hei! Gildt å sjå dykk her. Må Gud velsigna arbeidet og dykk :-) Me sjåast/talast osv.

    SvarSlett
  4. Jippi for blogg! :-) Gleer meg til nytt innlegg! kosa dåkken vidare! klem

    SvarSlett