Den fyrste tida i La Paz har vore god, trass høgde (me bur på 3600 meter), nytt språk og nye omgjevnader. Me kom til eit fint hus med oppreidde senger, fullt kjøleskap og blomar på bordet. Dei andre utsendingane har tatt svært godt imot oss, me kjenner oss velkomne og heime allereie!
Storbagasjen som me sende nokre veker før me reiste, kom fram eit par veker etter oss. Det meste i god behald, men turen hadde ført til mange bøygde stearinlys, smelta melkesjokolade og skeiv brunost.
Borna har byrja i barnehagen og trivst godt. Gaute saknar nok bestekompisane sine i barnehagen heime på Sand, men har funne nye venner som han leikar godt ilag med. Kari og Magnus har og funne seg godt til rette. Stor stas var det når det første dei såg då dei kom inn i barnehagen var ei ballbinge. Kjempekjekt.
Me vaksne er i full gong med spanskundervisning. Det er god motivasjon at ein ikkje kjem nokon veg med engelsk. Skal me kommunisera med folk er me nøydde til å snakka spansk. Det er svært oppmuntrande å merka kor mykje meir me skjønar no enn for halvannan månad sidan.
Ei veke hadde me fri frå språkundervisninga og var med på introduksjonsveke ilag med voluntørane som og er her for Misjonsalliansen. Det var ei flott veke der me fekk møta mennesker so
Hei på dokk! Her sit eg og mor og forbereder bildeseanse frå Romaturen vår for t Bodil og Ragnhild. Så kom ho med denne adressa, så då får me lansere den også for tantene....
SvarSlettHøyrer at de har det bra, og det gjer godt.
Her er også alt vel. Spennande å følge med dykk her framover.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettHei! Gildt å sjå dykk her. Må Gud velsigna arbeidet og dykk :-) Me sjåast/talast osv.
SvarSlettJippi for blogg! :-) Gleer meg til nytt innlegg! kosa dåkken vidare! klem
SvarSlett