fredag 11. mars 2011

Heia Norge!!!

Som ein del av innføringa i norsk kultur, såg far i huset det som ei plikt og dyd av nødvendighet å sjå 5-mila i ski-VM i lag med ungane sine. Somme plikter går lettare enn andre.

Heia Northug!!

På tysdagen reiste besteforeldra heim til Norge. Takk for besøket!

Ein stor løyndom

Dei fleste har sikkert høyrt om Machu Picchu, inkaene og Titicacasjøen. Men kanskje ein av dei mest langvarige og avanserte kulturane i verda, Tiwanaku-kulturen, har dei færraste høyrt om. Kulturen hadde 5 epokar, frå omlag 1000 år f.Kr til år 1000 e.Kr. Byen Tiwanaku byrja som ein landsby ca 200 f.Kr., og låg truleg ved breidda av Titicacasjøen, som ein reknar med var større tidlegare. Byen hadde vakse seg stor då han av usikre grunnar blei forleten ca 1200 år seinare. Store bygg med nøyaktig tilpassa steinar tyder på ein avansert kultur, med bygningsteknikkar som overgjekk det seinare Inkariket.
For å læra litt meir om denne kulturen (og lufta oss litt..), tok me oss ein biltur til Tiwanaku, som ligg omlag halvannan times køyring heimanfrå, 40 minutt nordover frå El Alto.

Flott utsikt over Altiplano

Kommande stjerner? Unge håpefulle nordmenn i Stjerneporten


Er det historieinteressa eller dei trugande skyene som set fart på reisefølget? Sistemann blei hengjande litt etter, bleia var blitt så tung..


Blomeprakt på 3900 moh!


Her får arkeologane nokre hjelpande hender!


Ser ut som steinhoggarane har skore i smør.



Kioskeigarane signar butikken sin. Laurdagen i karnevalet er dagen for å signa forretninga si, med musikk, serpentiner, feststemde folk og vaksenbrus. God stemning!


På veg heim passerte me fleire opptog på El Alto. Musikk, flotte kostymer, dans - og skumsprøyt! Me burde visst betre, men alle opne bilvindauge er ein invitasjon til å bli nedspraya av skum. I høgre biletkant har ulven peika seg ut eit nytt mål, og to sekund etter at biletet er teke, var eg (Magne) og svigermor like kvite i håret begge to! Etterpå, då endeleg vindusmotoren hadde lukka vindauget, blei me budne på dram. Me takka nei..

Dette biletet er teke gjennom eit lukka bilvindu..

Ein vaksen dag

Siste fredagen me hadde besøk av foreldra våre, tok eg og Torborg fri, så me vaksne fekk litt tid i lag. Me gjekk ein tur i Månedalen, eit av turistmåla nær byen. Her har ver og vind forma terrenget, og det var tydeleg at regnet hadde tæra på berget der me gjekk. Eigentleg er det feil å kalla det berg, det minner meir om lausmassar som blir veldig lause i regntida. Ikkje til å undra seg på at det går ras i La Paz, der omlag 70% av husa ligg i meir eller mindre rasfarlege område. Denne regntida har det faktisk regna ein del, så mange vegar lågare i landet har vore stengde på grunn av ras. No går det heldigvis mot tørrare tider.

Fascinerande landskap, fascinerte nordmenn

Etter rusling i kuper terreng, kasta me oss på 4-hjulingar og freste opp til El Alto. Sporty foreldre! Spørs om ikkje dette blir obligatorisk når me får besøk, no når til og med besteforeldra har gjort det!

Pause på veg mot satellittbyen


Her er gjengen komen til topps. Store barn, store leiker?!


mandag 7. mars 2011

Sorata

I slutten av februar kom to konfirmantar og ein far frå Strømsø for å sjå prosjekta til Misjonsalliansen. Då me reiste til Sorata, blei foreldra våre og med.



Skulebesøk i Curupampa

Foreldra våre i lag med Inger, mor til Camilla, med Sorata by i bakgrunnen

Besøk i eit bakeri drive av fleire kvinner i lag, der dei har tilsett administrator og bakarar

Nysteikte maraketas!



Då me reiste heim, avduka Illampu seg

Norgeskulen

No har me starta opp att med norgeskulen. Sunniva og Gaute er elevar, det er framleis på skulerommet i huset vårt, men læraren er ny! Monika skal ha ansvaret for norgeskulen framover. Målet er å læra om Norge, om årstider, tradisjonar, songar - slikt som dei ikkje får med seg på boliviansk skule. Då får dei med seg mest mogleg frå to land, i tillegg til at det er med og lettar overgangen når me flyttar heim att til Norge.

Lærar, bestemødre og elevar klar for nytt år på norgeskulen


Palca

Søndagen etter watiaen på El Alto tok me oss ein tur til Palca, åt god niste og nytte utsikten. Godt å komma ut av storbyen av og til, og ein halvtimes køyring tek oss godt ut på fredelege bygda. På ein klar dag hadde me sett Illimani godt, nå såg me nokre glimt mellom skyene. Har i grunnen ikkje sett fjellet skikkeleg sidan før jul.

Godt med kaffi og kaffimat frå achumani-marknaden (eller Handelslaget, som besøkjet vårt kallar det!)


Me stoppa ved ei tjødn på vegen heim att

Watia

Ein laurdag inviterte Elvira oss med til ei tomt dei har på El Alto. Etterjulsvinteren har vore meir regnfull enn i fjor, men me tok sjansen på ein utedag. Det blei litt kjøleg, men hjartevarme og varm mat hjelper godt! Ein triveleg dag, kjekke folk og god mat!

Bestefar hjelper til med å kløyva ved til bålet

..medan andre vaskar poteter.


Her blir gryta med kjøt sett nedi dei varme steinane, og bananer og poteter lagde rundt



Etter ein halvtime under våt papp og jord, er ovnen klar til å opnast. Fleire svultne følgjer nøye med når Cidar rakar bort molda.




Nam!

Introveke

Veka 14.-18. februar var det introveke. Då får volontørar og studentar ei innføring i korleis Misjonsalliansen jobbar her. Dei får ein del undervisning, er med på besøk i ulike prosjekt og til Diaconia FRIF.


Triveleg gjeng!

Skulebesøk i Pacollo, Sorata

Fotballkamp med elevar på ein fotballskule. Resultatet har eg visst gløymt..

Besøk og informasjon hjå Diaconia FRIF



Yiiiha!

Ein søndag var me i lag med Rugis til eit ridesenter i Cota Cota. Her har dei hestar i alle storleikar, og ein tolmodig hestepassar sala opp og tok ungane med. Me vaksne heldt oss til apostlane sine hestar, tok bilete og skrøytte av dei flinke ryttarane.

Heile kavaleriet oppstilt.

Gaute syns crocs er ypperlege til alt, også til hest!

Kari, med mor påpasseleg i bakgrunnen

Magnus har heile roen, mormor forevigar rideturen


Mykje kjekt frå Norge

Ein dag kom mor heim frå jobb med ein stoor pakke som var komen i posten heile vegen frå Kvitsøy! Pakken hadde reist både langt og lenge (send første veka i desember, kom 7. februar!), og me fekk ein ny liten julekveld med nye pakkar! Fulltreff hjå alle tre: Gaute er oppteken av "kleutsningar" (kler til å kle seg ut i) og sverd, Kari er i prinsessealderen, og Magnus har overteke interessa for lynet McQueen!


..og jula varar i alle fall til langt ut i februar!

Nokre dagar etter julepakken, kom besteforeldra på besøk for andre gong. Kjekt for både store og små!
Leonarda si kyllingsuppe gjer godt for reisemagar!



søndag 27. februar 2011

Me har fått skulegut!

Tysdag første februar starta ei ny æra i familien vår: Eldstemann Gaute byrja på skulen! Kanskje endå meir spanande for foreldra, men Gaute var nok litt spend han og. Skulen heiter Utasawa, og Gaute byrja i lag med Sunniva i kinder, noko liknande første klasse i norsk skule.
Så langt trivst han godt, men syns friminutta er litt i kortaste laget..

Utanfor skulen med ny sekk!


I gong med å teikna namnelapp


Kjekt å byrja i lag med Sunniva!



Dett var dett, første skuledag unnagjort. Gjekk så fint atte!




Søramerikakonferanse

Siste veka i januar hadde me samling i lag, utsendingane frå Ecuador og Bolivia. Me vekslar om å samlast i Ecuador og her, og i år var det Bolivia sin tur. Me hadde 3-4 dagar felles på hotell Oberland i Mallasa først, med samlingar for både vaksne og ungar. Ole-Bjørn Kolbjørnsrud hadde samlingane for oss vaksne. Han er psykiater, og snakka mellom anna om gudsbilde og ressursbruk. Veldig interessant!

Samling i restauranten
Barna hadde eigne samlingar, og då Tore Thommassen ikkje kunne komma, steppa sporty volontørar inn på kort varsel og laga eit glimrande opplegg. Takk skal de ha!!
Innimellom hadde me litt fritidsaktivitetar, og siste dagane hadde me omvising i prosjekta. Spanande å visa fram til kollegaer, og samanlikna arbeidet her og i Ecuador.

Tur i Månedalen

Den skal tidleg krøkjast!


To hoppande glade 5-åringar!


Grilltur til Påsketoppen


Ole-Bjørn sikra seg maracuya til isen!





Til neste år er det samling i Ecuador. Me gler oss!!

Djevletanna

Den 6. januar halte me med oss ungane til Djevletanna. Trur det var foreldra som var sveittast i hendene etter turen, etter nokre parti med laus grus på vegen opp. Men utsikten på toppen var verdt turen!Muela del Diablo

Fam Fossan Steine med La Paz i bakgrunnen. Tøff by!?

Små og store klamrar seg fast og smiler tappert!