torsdag 30. desember 2010

Julaftan 2010

Så var det slutt på advent og venting, me skifta frå lilla til raude lys, siste episode av Skomakergata mm blei avspela, me åt graut, hadde julegudsteneste på Casaen, opna pakkar, åt pinnekjøt og riskrem, grein ein skvett for dei gåvene me ikkje fekk, leika og kosa oss med dei me fekk - og sovna mette på inntrykk og rogalam. Må mest sitera Gaute før han sovna ein kveld i romjula: "Me ungane er dei største presangane foreldra kan få, og så blir me berre større og større!". Vanskeleg å sjå føre seg ei flottare gåve, måtte vel kanskje vera Han som blei fødd for vel 2000 år sidan..?!

"Ver ikkje redde!"

Kari og Perly lagar til julemiddag

Her er kjøkkengjengen i sving!



Spende, me??

Etter slaget..


God jul til alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar