søndag 27. februar 2011

På to hjul i svingen!

4. nyårsdag fekk eg vera med Åshild og Arne ned Dødsvegen. Fru Torborg hadde teke turen nokre dagar før i lag med besøket vårt, no slengde eg meg med naboane sine gjester. Starten er på 4700 moh, derifrå trilla me nedover på nyvegen, før me sette oss i bussen og køyrde forbi eit parti av vegen. Deretter sleppte dei oss av i skodda, me trilla nedover på ein humpete grusveg, det blei varmare og varmare jo lågare ned me kom, og utsikten kom seg og. Me steig av syklane att på ca 1200 moh, og då var det ikkje heilt feil med eit bad, dusj og mat før turen opp att (i bil..). Takk for ein flott tur!
Åshild og Arne på kanten av stupet


Det blei frodigare og frodigare nedover i liane. For nokre få år sidan var dette hovudvegen frå Yungas til La Paz, med bussar og trailerar som snirkla seg oppover.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar