torsdag 31. mai 2012

Poetisk morsdag

Fredag 25. mai var det Poesifestival på Utasawa, skulen til Kari og Gaute. Sidan det var morsdag på søndagen - og dette er ein større dag i Bolivia enn i Norge - blei det også markert. Dei tre første trinna (førskule/barnetrinn) hadde øvd på dikt og songar, og laga både kostymer og kulisser. Stolte foreldre stod i kø for å foreviga sine håpefulle i poetisk positur. Imponerande både av elevar og lærarar!

Utasawa er ein økologisk skule, og har fokus på naturvern og miljø - også når det er poesifestival!

Kari i gjenbruks-kostyme

Juan Camillo og Gaute proklamerer dikt om fjellet som brann

Kinder (førskulen) song til slutt

onsdag 30. mai 2012

Ut på tur med Rugis

Den 18. mai la me ut på tur i lag med fam Mehus Rugland. Målet var Sorata, anledningen ei opning av lærarbustad og sanitæranlegg i landsbyen Choquecoa. Prosjektet har vore eit spleiselag, der kommunen og Misjonsalliansen betaler byggjematerialane, og lokalsamfunnet stiller med arbeidskraft. Det blei ei flott opning, ungane fann seg leikekameratar, me vaksne fekk klippa snorer - og alle fekk mykje og god mat! Og så fekk heile familien sett eit lite glimt av kor og korleis Misjonsalliansen jobbar.


Her poserer me framfor Illampu (6368 moh), fjellet som ruvar over Sorata

To grombilar framfor Illampu

Både store og små blei plasserte på heidersplassen

Elevane på barneskulen i Choquecoa

Lærarbustaden til venstre, sanitæranlegget til høgre. I midten står scena som blei bygd av resten  av byggjematerialane

Flagheis og nasjonalsong

Proklamering av dikt er vanleg i slike anledningar

Elevane hadde teaterframføring

Foreldre og søsken ventar tolmodig

To generasjonar Rugis avdukar plaketten

Direktøren vår, Cristina, klipper snor til kontoret i lag med Linda

medan Torborg og ein av byrådsrepresentantane opnar lærarbustaden

Linda held tale

"Eg har fått to nye bestekompisar!" seier Magnus

Heile buketten!

Litt å kosa seg med på bordet under seremonien, koka og røyk!

Gode kolleger slappar av i skuggen

Til slutt var det mat!

Me avslutta med pizza og is på plazaen i Sorata

Så sveipte Illampu seg i dyna før mørkret kom
Ein lang og kjekk dag for store og små!

tirsdag 29. mai 2012

Å ja, me feira 17. mai me og!

Dagen starta me tog og flagheising på Rio Seco, Misjonsalliansen sitt kontor på El Alto. Det blei talar, song og pølser - og det fortsette me med heime i hagen vår etterpå. Her er ein del bilete frå den store dagen:

17.-maitog 4000 moh


Og så i finkleda!

God stemning rundt bordet

Dagens andre tog, denne gongen rundt kvartalet

Sunniva heldt barnas tale

og Johan for dei vaksne

Ispris: Ei stygg grimase!

Berre blide fjes etter at isen er betalt

Stolt eigar av pollera!

Volontørane arrangerte leikar

Magnus i djup konsentrasjon under potetløpet

Klar, ferdig..

mandag 28. mai 2012

Avskjed 1

I eit utsendingsmiljø er det "alltid" nokre som kjem og andre som reiser. I over to år har me vore ein stabil gjeng, men no har Monika reist heim til Norge og gifta seg! Før ho reiste var heile Misjonsalliansen samla, og Monika blei kledd opp i tradisjonelle cholita-kler under avskjedssamlinga.
To gode venner

På flyplassen

søndag 27. mai 2012

Folk

Nokre bilete frå våren vår:
Jelsabu på besøk. Triveleg!

Me øver oss til hyttetur med yatzy og fyr på peisen

Juan Carlos og Fanor tar seg godt av bilparken til Misjonsalliansen - og oss utsendingar!

lørdag 26. mai 2012

Watia

Ein laurdag i januar inviterte Leonarda oss heim på watia, mat laga i steikegrop. Det er steingodt! 
Her kjem ei lita bruksanvisning:

Leonarda og Roberto hadde først varma steinar på bål, 

så legg ein poteter, kjøt, grønnsaker og stein om kvarandre, 

dekkjer til med aviser, 

bølgjeblekk og eit gammalt teppe blir lagt på, før ein til slutt dekkjer med sand.

Magnus sjekkar at det ikkje siv ut røyk, og gler seg til mat!

Ivrige hender hjelper til å avdekkja festmåltidet

Varmt!

Det er servert!