fredag 11. mars 2011

Ein vaksen dag

Siste fredagen me hadde besøk av foreldra våre, tok eg og Torborg fri, så me vaksne fekk litt tid i lag. Me gjekk ein tur i Månedalen, eit av turistmåla nær byen. Her har ver og vind forma terrenget, og det var tydeleg at regnet hadde tæra på berget der me gjekk. Eigentleg er det feil å kalla det berg, det minner meir om lausmassar som blir veldig lause i regntida. Ikkje til å undra seg på at det går ras i La Paz, der omlag 70% av husa ligg i meir eller mindre rasfarlege område. Denne regntida har det faktisk regna ein del, så mange vegar lågare i landet har vore stengde på grunn av ras. No går det heldigvis mot tørrare tider.

Fascinerande landskap, fascinerte nordmenn

Etter rusling i kuper terreng, kasta me oss på 4-hjulingar og freste opp til El Alto. Sporty foreldre! Spørs om ikkje dette blir obligatorisk når me får besøk, no når til og med besteforeldra har gjort det!

Pause på veg mot satellittbyen


Her er gjengen komen til topps. Store barn, store leiker?!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar