fredag 11. mars 2011

Ein stor løyndom

Dei fleste har sikkert høyrt om Machu Picchu, inkaene og Titicacasjøen. Men kanskje ein av dei mest langvarige og avanserte kulturane i verda, Tiwanaku-kulturen, har dei færraste høyrt om. Kulturen hadde 5 epokar, frå omlag 1000 år f.Kr til år 1000 e.Kr. Byen Tiwanaku byrja som ein landsby ca 200 f.Kr., og låg truleg ved breidda av Titicacasjøen, som ein reknar med var større tidlegare. Byen hadde vakse seg stor då han av usikre grunnar blei forleten ca 1200 år seinare. Store bygg med nøyaktig tilpassa steinar tyder på ein avansert kultur, med bygningsteknikkar som overgjekk det seinare Inkariket.
For å læra litt meir om denne kulturen (og lufta oss litt..), tok me oss ein biltur til Tiwanaku, som ligg omlag halvannan times køyring heimanfrå, 40 minutt nordover frå El Alto.

Flott utsikt over Altiplano

Kommande stjerner? Unge håpefulle nordmenn i Stjerneporten


Er det historieinteressa eller dei trugande skyene som set fart på reisefølget? Sistemann blei hengjande litt etter, bleia var blitt så tung..


Blomeprakt på 3900 moh!


Her får arkeologane nokre hjelpande hender!


Ser ut som steinhoggarane har skore i smør.



Kioskeigarane signar butikken sin. Laurdagen i karnevalet er dagen for å signa forretninga si, med musikk, serpentiner, feststemde folk og vaksenbrus. God stemning!


På veg heim passerte me fleire opptog på El Alto. Musikk, flotte kostymer, dans - og skumsprøyt! Me burde visst betre, men alle opne bilvindauge er ein invitasjon til å bli nedspraya av skum. I høgre biletkant har ulven peika seg ut eit nytt mål, og to sekund etter at biletet er teke, var eg (Magne) og svigermor like kvite i håret begge to! Etterpå, då endeleg vindusmotoren hadde lukka vindauget, blei me budne på dram. Me takka nei..

Dette biletet er teke gjennom eit lukka bilvindu..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar